



Buonasera
Overskrifta kunne kanskje vore fyrste skuledag, men denne dagen er den fyrste for så mangt. Veit ikkje kor eg skal begynne, det er så mange sterke inntrykk. Eg trur det må opplevast før ein kan forstå, ein føler seg liten i ein stor by som denne. Likevel føler eg meg ikkje åleine. Eg er nok litt nervøs til tider, og ting som eg tar for gitt i kvardagen er ikkje så enkelt her i Milano. Eg fant fram til Scuola Leonardo da Vinci uten problem. Verten min Maria, hadde kjøpt bussbillett til meg, og slo følge ned til buss nr 90. Deretter var det sju stopp før eg skulle hoppe av. Vegen heim gjekk også fint, der slo eg følge med ei kjekk dansk jente. Ho er like uerfaren som meg i det italienske språk, noko som var hærleg og betryggande, det gjer godt med ein likemann. Den største utfordringa her i italia er jo sjølvsagt språket. Engelsk kjem du ikkje langt med, det har eg lært. Faktisk er det ingen som eg hatt kontakt med idag som snakkar engelsk. Vertfall ikkje av dei som kjem frå italia.
Verten min Maria snakkar ikkje engelsk i det heile tatt, dermed blir det å nikke, riste på hove, eller heve skuldrane. ellers går det masse i "grazie". Ho er ei kjempe kjekk lita dame,som virker til å vere blid, hyggelig og jordnær. Eg har fått eit kjempe koseleg rom med veranda. Trur eg kan trives godt her:)
Læraren på skulen vår snakka heller ikkje engelsk, så det var sjølvsagt ein utfordring. Likevell klarte eg å få med meg ein god del av undervisningen. imorgon kjem den opprinnelege læraren tilbake, ho me hadde idag var berre vikar. Jenny sa at han var flinkare i engelsk og at det då var litt lettare. Eg gler meg til ein ny dag på skulen. Det var ei kjempe koseleg gruppe på 8 stk, akkurat passeleg stor. Det som var dumt var at dei hadde starta undervisninga for ei veke sidan, dermed ligg eg etter. Dei starta opp programmet på nytt måndag, så om eg vil kan eg hoppe på det istaden. Tiden vil vise om eg klarar å henge med, viss ikkje må eg nok starte forfra:)
Ellers har eg vore på utflukt. Måtte jo trimme litt, tenkte å ta meg ein joggetur. Uheldigvis er det ikkje så mykje frodigt og grønt i Milano. Dermed vart det rask gange i to og ein halv time. Det er laaaaange avstandar i Milano, og det er ein stor by der mykje ser likt ut. I hovudsak var eg på leit etter ein matvarebutikk, og den fant eg etter to timar. Så såg eg etter eit treningssenter, det er berre 5 minutt unda:) jiiiippi, dagen er redda! Etter mykje om og men fant eg jammen heimatt også.
Ciao